Eg har vore heime frå jobb sidan onsdag med mageknip,
hauverk, hoste og verk i føtene og ryggen.
Ikkje så kjekt nei, og ein får ikkje gjort så veldig mykje heller
sjølv om ein er aldri så mykje heime, når ein er sjuk...
I dag var forma stigende, og eg fekk så lyst på
varmt heimelaga brød med smør og brunost på!
Så eg sette ei deig i håp om å ikkje drepe gjæra
som sist eg baka (gongen ette kanelsnurrane i forrige innlegg),
då eg laga skuleboller tunge som bly,
som verken heva eller vart steikte... :)
Bedre lykke denne gongen ja.
Deilig varmt brød med mørk god brunost på, mmm....
Det var godt å sette seg framfor peisen å slappe av etterpå.
Det tok på å bake gitt.
Takk og pris for Norunn som hadde tatt på seg å hente
både Sverre og Martin etter skule og barnehage i dag.
Ivar tok seg ein tur på Moa etter jobb, så eg har kunna
nytt stille stunder i heimen heil til kl.19.30 i dag!
Åhhhh...kjenner at eg trengte det no,
her eg sit med nesten 39 i feber. Sukk...
Her er forresten oppskrifta på brøda
om nokon vart frista eller inspirert:
Grove brød
Ca 2 kg mjøl (bruk grov mjølblanding med litt kveitemjøl innblanda)
2 pk gjær
1 liter skumma melk
50 gram meierismør
2 ts sukker
2 ts salt
Smelt smør og hell i melka. Varm opp til den er lunken.
Smuldre gjæra i bollen og hell i melkeblandinga.
Bland i alt det tørre. Elt godt til ei jevn deig.
Sett til heving til dobbel størrelse ein lun plass
(gjerne ved plata som du akkurat har smelta smør på,
det booster hevinga). :)
Kna så deiga igjen og del inn i tre like emner.
Rull dei til tjukke pølser og legg dei på
ei bakepapirkledd steikeform
(eg brukte ei form på 30x40 cm, for ei steikeplate vart for stor).
Heves til ønsket størrelse på brøda.
Gjer du som meg og sett dei på platetoppen
som er litt varm, får du fort store flotte brød.
Skulle ønske det funka med andre typer brød også..hihi!
---
Server lunka brødskiver med masse smør og god brunost på!
Lykke til! :)